Cxense Display egenannonse
05/9/2018

Fem tips til dyretransportøren

Å vurdere dyr for transport er ei utfordring. Seier du som transportør ja til feil dyr, kan dyret risikere å lide unødvendig på grunn av deg. Og seier du nei, så kan relasjonen til bonden bli nokså anstrengt. Men bonden ser oftast dyra før transport, svært sjeldan etter.

Inge Midtveit

Du bør ha fått informasjon om avvikande dyr før det har kome så langt som her. Foto: Audun Flåtten

1 Tillit

Tillit er som kjent ikkje for sal, men noko ein gjer seg fortent til. Du og bonden må skape ei felles forståing for at de vil det same – tene pengar på husdyrproduksjon og sikre at dei dyra de lever av ikkje betaler rekninga. Vegen dit kan vera kronglete. Du treng hjelp frå både veterinærar, slakteriet og Mattilsynet. Ein start kan vera kontaktmøter mellom bonde, slakteri, veterinær og Mattilsyn.

2 Fleksibilitet

Dei aller fleste dyra du møter er utan tvil i god form og treng ikkje nærmare vurdering. Men det finnest óg dyr som ikkje er så spreke og som kjem inn under det punktet i transportregelverket som omhandler

«…dyr med lettere skader som likevel kan transporteres …».

Desse dyra må du gjera noko ekstra for dersom du skal kunne ta dei med. Du må på eit eller anna vis gjera transporten betre og lettare. Det mest aktuelle er å gje dei eigen plass saman med egna selskap. Du må gje dei betre plass, mjukare underlag og transportere dei på eit tidspunkt der dei slepp lang oppstallingstid på slakteriet. Skiljegrind, ein ekstra etasje eller eit tomt rom er det som gjev fleksibilitet og bestemmer om du kan gje beste service for bonden og dyret.

3 Krav om areal, men kva er nok?

Årsaka til transportdød og dårleg velferd hjå sau er ofte liten plass. Men det er vanskeleg å vurdere i praksis kor mykje plass sauen faktisk har i eit rom. Dessutan er ikkje regelverket så lett å bruke i praksis slik det er formulert: Under 55 kg 0,3–0,4 m2, over 55 kg minst 0,4 m2. Dei dyra du møter veg typisk 45 kg og 90 kg. Rekna om til dei dyra me ser i praksis blir dette om lag slik: Eit gjennomsnittleg lam på 45 kg skal minst ha 0,32 m2. Ein sau som er dobbelt så tung skal ha nesten det doble – minst 0,6 m2. For storfe og gris er det noko lettare å rekne ut arealet. Du skal likevel vita kor store romma er på bilen din, og då er det ganske lett å rekne ut og justere seg inn på det nivået det bør ligge på. Sjølv om nokon andre set opp lasset ditt, så er det du som har ansvaret.

4 Tilpass transporten etter sesong

Det er tider på året der kondisjonen på dyra er dårlegare. Dette bør du ta omsyn til ved å gje dyra betre plass. Medan sau etter ein beitesesong er i svært god form, er sauen utanfor sesongen svakare. Dermed treng den meir plass for å kunne legge og reise seg uhindra.

5 Signert køyreseddel er ei eigenerklæring frå bonden

Du skal kunne stole på at all relevant informasjon om dyra er lagt på bordet når bonden har kryssa av og signert på køyreseddelen. Men kva gjer du dersom det viser seg ikkje å stemme? Dette skal slakteri og sjåfør ha ein plan for. Dyr som dør eller blir nød.avliva og som viser seg å ikkje vera det bonden signerte på, bør ikkje erstattast.