Cxense Display
Du er her: Forsiden / Aktuelt / – Skap betre lønsemd for ammeku

– Skap betre lønsemd for ammeku

Kva skil den gode produsenten av ammeku frå resten? Det spørsmålet svarer økonomirådgjevar Andreas Lundegård på i denne artikkelen.

Cxense Display

Ammekuproduksjonen har tradisjonelt vore ein noko ekstensiv produksjon, med dertil ekstensiv inntening. Dei seinare åra har ein prøvd å løfta produksjonen, både gjennom auka målprisar og tilskot/budsjettmidlar.

Andreas Lundegård - Tveit Regnskap AS

Andreas Lundegård - Tveit Regnskap AS

AUKANDE LIVDYRPRISER
Dekningbidraget (omsetnad fråtrekt variable kostnader) auka med om lag 1200 kr pr. ku, noko som tilsvarer ein oppgang på om lag 20 prosent i høve til 2013. Storparten av auken må tilskrivast auka utbetalingspris på slaktet – den viste ein oppgang på om lag 5 kr pr. kg. Auken ein ser i utbetalingspris skriv seg òg dels frå innføring av kvalitetstillegg på slakt (3,7 kr pr. kg for ungokse, kvige og ungku). Isolert sett gir prisveksten ein auke i omsetnad på 3400 kr pr. ku. Men delar av omsetningsauken ser ut til å bli eten opp av kostnadsvekst – spesielt kraftfôr og noko aukande livdyrprisar tek sin del av kaka. Auka kraftfôrkostnad må nok dels tilskrivast noko vanskeleg fôrår i 2013.

85 000 KRONER
Vidare kan ein lese at det er stor variasjon i lønsemda hjå kvar einskild bonde. Dei beste produsentane oppnår eit dekningsbidrag pr. ammeku på 13 600 kr, mot snittet på som ligg på 7100 kr. For ein gjennomsnittprodusent med 13 ammekyr, utgjer dette om lag 85 000 kr.

Kva ligg så bak denne skilnaden? I stor grad ser ein at det er på inntektssida forskjellane er størst, og den naturlege forklaringa vil vera større leveranse (fleire kg) og til ein betre pris. Korleis oppnår somme dette? I ammeku-produksjonen ligg inntektspotensialet i kalven, dei som lukkast har generelt mange fødde kalvar pr. ku og låg kalvedødelegheit. Faktorar som spelar inn her er rett fôring i gjeldkuperioden slik at ein unngår feite kyr, med tilhøyrande vanskelege kalvingar og kalvar med låg livsvilje. I tillegg er kontroll på tilgang til råmjølk viktig, eit godt immunforsvar hjå kalven vert lagd her. Ein kalv som er i god vekst vil ha ei kortare oppfôringstid, lågare fôrforbruk pr. kg kjøt og ofte betre klassifisering – med tilhøyrande betre betalingsprisar.

VAL AV AVLSOKSE VIKTIG
Dei produsentane som lukkast har òg fokus på produksjonen og husdyra, og nyttar mykje av tida si hjå dyra – både i innefôringsperioden og kalvings- og beiteperioden. Moderne teknikk kan avhjelpe på mykje, men den må kombinerast med handlag med dyra. Husdyrinteresse er òg ofte kombinert med interesse for avl. Avlsoksen gir mykje av grunnlaget for framtidas kjøttinntekter, og ein ser ofte at dei flinkaste produsentane har fokus på val av avlsokse og/eller semin.

FoU: Økt storfekjøttproduksjon fra ammekubesetninger 2014-2017

Sunn økonomi i ammekuproduksjonen er òg i stor grad tufta på å nytta gardens ressursar best mogleg. Ammekyrne haustar grovfôret rimelegast om dei haustar det sjølv, og gjerne på beite- ressursar med låg kostnad (utmark). Dette kombinert med ein lang beitesesong er ofte nøkkelfaktorar. Val av rase ut frå kva ressursar garden har kan òg vera viktig. Har ein mykje utmarksbeite og lite dyrkamark, kan ekstensive rasar som Hereford og Angus vera løysinga (dei lette rasane). Men visst ein har gode og tråkksterke kulturbeite, og rikeleg med innhausta grovfôr, vil ein ofte koma betre ut økonomisk med å velja ein tung rase som Charolais eller Limousin. Same tankesett kan ein bruke om ein skal velje full framfôring av kalven eller sal av livdyr. Har ein mykje og rimeleg vinterfôr er det ofte god lønsemd i framfôring av kalven – dersom garden er rik på beiter kan fleire mordyr og gjennom det meir tilskot vera nøkkelen til suksess.

ENKLE LØYSINGAR
Ettersom ammekyrne bruker ein så stor del av årssyklusen på beite bør ein òg ha dette i bakhovudet ved val av byggløysingar. Ofte blir det bygd driftsbygningar som mest er identiske med ein mjølkefjos, det einaste som manglar er mjølkeroboten. Slike bygg kan vera rasjonelle, men dei vil belaste botnlinja og redusere kva bonden har disponibelt til arbeidsbetaling, privatforbruk og nedbetaling. Så vel enkle, men rasjonelle løysingar – gjerne uisolert. Har ein beiter som kan nyttast haust/vinter – tenk gjerne kombinert fôringsplass/driftsbygning.

skillelinje orange

Gode råd for betre lønsemnd for ammekyr

  • Rett fôring i gjeldkuperioden slik at ein unngår feite kyr, med tilhøyrande vanskelege kalvingar og kalvar med låg livsvilje
  • Kontroll på tilgang til råmjølk viktig
  • Bruk mykje av tida hjå dyra – både i innefôringsperioden og kalvings- og beiteperioden
  • Velg rett avlsokse, og ein ser ofte at dei flinkaste produsentane har fokus på val av avlsokse og/eller semin
  • Sunn økonomi i ammekuproduksjonen er òg i stor grad tufta på å nytta gardens ressursar best mogleg
  • Val av rase ut frå kva ressursar garden har
  • Vel enkle, men rasjonelle bygg
skillelinje orange

Fører rekneskap for 1600 bønder

Tveit Regnskap AS er utfordra til å koma med nokre tankar kring lønsemda i storfèkjøtproduksjonen, og tenkte i den samanheng setje søkjelys på korleis lønsemda var i 2014 og kva som kjenneteiknar dei beste produsentane. Tveit Regnskap AS fører rekneskap for om lag 1600 bønder på Haugalandet og Sunnhordaland, på eit utval av desse køyrer ein såkalla nøkkeltalanalyse der ein ser nærare på lønsemda i produksjonen hjå bonden. Ut frå dette talmaterialet køyrer ein gjennomsnittsutrekningar som gir oss eit snitt dekningsbidrag for produksjonane – omlag 800 bruk ligg bak denne analysen. Artikkelforfatter Andreas Lundegård, økonomirådgjevar landbruk hos Tveit Regnskap AS kan treffes på e-post eller 982 53 925.

Les flere saker fra siste utgave av bladet Kjøtt- og eggprodusenten.

Nøkkelord: ammeku, livdyr, økonomi, storfe, avl, fôr
Utviklet av 07 Web
Bransjeoversikt
Cxense Display
Cxense Display
Cxense Display
Cxense Display
Cxense Display